|
Rate 1184 LyricsArtist : Windir Song : 1184
Send "1184" Ringtone to your Cell 
Sumaren elleve hundre og åttifira gjekk kong
Sverre til harde motåtgjerder, Drapi på han
Ivar Dape med prest og følgje fekk hate
større, Det største slaget i borgarkrigen
skulle no trast finna stad, Horder av menn i
brynjer med sverd ville enda opp i mannadrap,
Ingen ante at bragdi hans Arntor kunne slike
følgje få, Ved Hagastrondi på Fimreite
låg Sverre sin flåte på fjortan skip,
Med mål å ramma Sogndal bygd, kvar ein gard
skulle brennast ned, Krigaren Arntor gjekk viljugt
i strid for å sikra hans ætt evig grid,
Gudane ved hans side og han Magnus med hær og
skip, Utan sidestykkje, eit voldsomt mannadrap,
ein eim av daud, fjorden raud, svart, svart slag,
Blodhemn rådde millom Magnus og Kong Sverre,
Deira strid om Noreg si trone enda med Magnus
sitt fall med tvo tusen mann, Svikaren Sverre
slost ikkje han, so i tøs han iakttok slaget
frå land, Krigaren Arntor gjekk viljugt i
strid kom alder attende døydde for grid, Dag
lei mot kveld, ætti fekk vita, Arntor såg
gudane so ein ekta windir, For å sikra hans
ætt evig grid må krigaren gå viljugt i
strid.
Send "1184" Ringtone to your Cell 
|